Sunnhordland Antirust sammen med Stord Dekkservice

I tillegg til å satsa stort på dekk har også Stord Dekkservice kjøpt opp Sunnhordland Antirust. Oppkjøpet kallar Gundersen ei strategisk viktig avgjerd, og produktet og tenestene som Antirust og Dekkservice leverer utfyller kvarandre godt.


Les hele artikkelen i sin helhet her Slik er dei nye lokala til Stord Dekkservice

Arne Tjelmeland har drive Sunnhordland Antirust aleine på Fitjar i tre år, og er godt nøgd med oppkjøpet og dei nye lokala.
- Det er lagt ned mykje pengar i lokala her, og eg er veldig nøgd. Me er vorten godt mottekne på Heiane, både av Dekkservice og kundemassen, fortel han.

Den sentrale lokasjonen på Heiane ser Tjelmeland på som eit stort pluss for kundemassen.
- Flyttinga sparar kundane våre for eit par timars køyring. På Heiane ligg me svært sentralt til, seier han og utdjupar:
- Kundegruppa kjem frå Etne, Stord, Bømlo, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Austevoll. Med andre ord er det ein godt etablert kundemasse som no får det enno lettare, smiler Tjelmeland. 

2261867729


Organisk og miljøvenleg råstoff


Ein svak eim av saueull ligg i lufta. Olja som bilane hos Sunnhordland Antirust vert behandla med, er det naturlege råstoffet lanolinolja. Eit heilt organisk og naturleg materiale som har vore på marknaden sidan 1943 og er brukt av mellom andre den amerikanske marinen. Saueulla vert sentrifugert i store tromlar, og ut kjem lanolinolje, som altså motverkar rust. Ull frå 3000 sauer går med til å laga 1000 liter lanolinolje, og det er svært godt utnytting av ressursar. 

Fordelane med lanolinolja er mange. Mellom anna er det svært miljøvenleg, løysemiddelfritt og eignar seg difor godt til bruk i heim og fritid. Fluidfilmen har mange bruksområde, mellom anna på låsar og hengslar, elektriske kontaktar, batteriterminalar, dører og sykkelkjeder. Fluid Film tørker ikkje, og lagar ei beskyttelseshinna som gjer at fukt ikkje trenger gjennom. Enkelt forklart vert rusten metta med olje, og vatnet vert fortrengt.  

2445064114
Aukar levetida på bilen din


Å antirustbehandla ein bil er ein effektiv prosess. Med Fluid Film, eller lanolinolje, tek heile prosessen éin dag. Først vert plastskjermar og deksel demonterte og tørka. Bilen vert reingjort med kjøletørka trykkluft. Eit stort pluss er at bilen ikkje treng sandblåsast fri for rust før materialet vert sprøytt på. Dette gjer behandlinga meir effektiv for kundane sin del. Etter at bilen er reingjort, vert olja spraya på understellet og i alle holrom. Tjelmeland forklarar at olja fortset å krypa også etter at materialet er sprøytt på.
- Ein aukar levetida på bilen med ei slik behandling, poengterer han.

Mellom kvar behandling går det seks år, men ein bør etterbehandla etter to års tid. Det er både effektivt og rimeleg, meiner han. Dei fleste har vel vore borti at ting har begynt å rusta og kanskje treng skiftar når ein har bilen inne til EU-kontroll eller service. Og når noko må bytast, vert det fort dyrt.
- Du tener raskt inn reperasjonskostnadane med ei antirustbehandling. 
2618296786
Sunnhordland: På baksida av Stord Dekkservice ligg Sunnhordland Antirust.
Sunnhordland: På baksida av Stord Dekkservice ligg Sunnhordland Antirust.