Til miljøvennleg kamp mot rust

Trioen bak Hardanger Antirust er over gjennomsnittet interessert i å stogge rust-åtak på bilar. No går dei til felles og miljøvenleg kamp mot rust. Det handlar om understellsbehandling med ullfeitt.
Per Arne Aga (42), Mai-Linn Jæger Aga (38) og Johannes Aga Baas (26) har etablert seg i leigde lokale på Egne hjem i Odda. Dei er gründerane bak det fyrste tilbodet med understellsbehandling med Fluid Film i Hardanger gjennom selskapet Hardanger Antirust.

Partnarar
Dei er likestilte partnarar, onkel, tante og nevø, og har delt oppgåvene mellom seg. Johannes går inn på fulltid som dagleg leiar, Mai-Linn i 50 prosent og Per på kveldar og helgar når det er behov. Mai-Linn held fram som tannhelsesekretær i halv stilling. Den andre halvdelen held ho hus i kontorbrakka på Egne hjem der ho er med å administrer verksemda, i tillegg til å behandla bilar. Per vert verande i full jobb hjå Bilfinger, medan Johannes går frå fast jobb hjå Odda mekaniske verkstad, og satsar friskt som gründer saman med onkel og tante.

– Tilbakemeldinga på tilbodet me kjem med, har vore gode, og me har tru på prosjektet, seier Mai-Linn og Per som og er nøgde med plassering av verksemda, rett ved fylkesvegen og med lett tilgjenge.

Ei grease-historie

– Kva er det med ullfeittet?

– Løyndomen er at han trekk inn i porene i rusten, og mettar metallet med lanolinolje. På denne måten stoggar ein tilgang for vatn og luft og slik sett stoppar for rustprosessen. Ullfeittet fortrenger vatnet og nøytraliserer saltet, forklarer Mai-Linn og Per om hjelpemiddelet som kom på den norske marknaden i 2012.

Det var under sist verdskrig i 1943 at fluid film vart utvikla i USA. Ballasttankane på skipa rusta, og dei vart sette inn med lanolin, ullfeitt for å hindre rust. Det synte seg å hjelpa. Sidan har Fluid Film vore nytta meir i både skipsfarten, landbruk, skogbruk, industri og offshore grunna dei unike ruststoppande og førebyggjande eigenskapane, fortel Per. Greasen inneheld ikkje løysemidlar, han er naturbasert og dermed miljøvenleg. Ifylgje Per «ein draum for dei som arbeider med HMS».

– Ullfeittet er krypande; det penetrerer og mettar porene og ligg som ei beskyttande hinne. Det korkje krakelerer eller størknar, og held seg aktivt, fortel ein entusiastisk Johannes.

Ei behandling held seg ikkje evig, ho må gjentakast. Antirusttrioen anbefalar intervall på om lag to år.

– Men det avheng sjølvsagt av kor langt du køyrer og kor mykje saltsørpe du utset bilen for, legg styreleiar Mai-Linn til.

Fram til nyleg er det mest tectyl-behandling me har lese og høyrt om til føremålet å hindra rust. Trioen i Hardanger Antirust snakkar sjølvsagt varmt for sitt val, men vil ikkje snakka ned «tradisjonell» understellsbehandling.

– Det er det ingen grunn til og folk må velja alternativ sjølv, slår Per fast og peikar på at dei fleste bilar er behandla for ein global marknad, ikkje nødvendigvis for Vestlands-tilhøve.

To om dagen
Johannes fortel at kvar behandling tek om lag fire timar, og at to bilar per dag er det dei no legg opp til. Enn so lenge er det han som har hovudansvaret for sjølve behandlinga, men også Mai-Linn og Per kan kunsten og skal behandla bilar.

– Sjølvsagt har me behandla våre eigne bilar med fluid film, og er godt nøgde, seier han.

– Kva som skjer på sikt, er for tidleg å spå om. Me har sjølvsagt von om at dette vert trygge arbeidsplassar. Om me må utvida, er jo det ein bonus, seier Mai-Linn of fortel at dei på sikt ikkje ser vekk frå å driva «oppsøkande teneste».

I tillegg til å tilby understellsbehandling, kan kundane få kjøpt diverse Fluid Film-produkt, og dei håpar både entreprenørar og gardbrukarar vil oppdaga dei gode eigenskapane til lanolin-greasen.

— Me sel også gjer-det-sjølv-kits, men det er ikkje alle som har eigne bukkar eller tilgang til kompressor, seier Per.

Trioen fortel om god lokal støtte og mottaking. Dei er og takksame for etablerarstøtte frå Hardangerrådet og næringsfondet i Odda (no Ullensvang) kommune. Utan hadde det vore vanskeleg å koma i gang.

Opnar 4. mai
Offisiell opning av verksemda er måndag 4. mai. Tingingane har kome jamnt og trutt inn etter at dei gjorde planane kjend i sosiale medium. Då HF stakk innom før helga, var Svein Hansen på plass som fyrste kunde. Han fylgde med medan Johannes arbeidde på 2011-modellen.

— Kvifor valte du denne behandlinga?

— Eg vil ta vare på bilen slik at rusten ikkje tek han. Dessutan er det kjekt å støtta nyetablerte, svarar Svein Hansen, som ikkje har gjeve bilane sine slik overhaling tidlegare.

— Det er faktisk fyrste gong. Men eg byta bil nyleg, den førre rusta i sund av all vegsaltinga, så no vil eg vera i framkant.

Flytta heim
For eit par år sidan kjøpte Mai-Linn og Per hus på Aga.

– Eg ville gjerne heim og heldigvis ville kona vera med, ler Per.

– Det passa fint då, for eldstemann skulle begynna i skulen, supplerer Mai-Linn.

Bergens-jenta fekk og jobb, og ho trivst godt i nye omgjevnadar.

– Eg er teken godt i mot, og er glad for å bu fritt og godt og nær naturen. Her er mange moglegheiter. Dessutan er det ikkje langt til Bergen, smiler ho.

– Det har og vore kjekt at fleire samaldringar har valt flytta tilbake og etablera seg her. Då vert det eit miljø, seier Per.

Også Johannes har valt å busetja seg på heimlege trakter. Rett nok i Odda no. Kort veg til jobb, og ikkje langt «heim» til Aga heller.

Felles front
Med felles interesser og ynskje om å skapa noko eige, såg dei for seg at denne verksemda kunne vera eit godt tilskot i regionen , og slik kom ideen om Hardanger Antirust. Mai-Linn er utdanna tannhelsesekretær og dyrepleiar, med ein sterk interesse for spreke bilar. Per er utdanna petroleumsteknikar, og har arbeidd i oljebransjen innan brønnservice, forutan fleire år i restaurantbransjen. Johannes har fagbrev både som platearbeidar og mekanikar.

– Me utfyller kvarandre. Det er eit godt utgangspunkt, slår dei fast.

Heilt naturleg
Per sender med oss eit spørsmål som me skal freista finna svar på når me kjem over sau på beite og nærliggjande gjerde og wirar.

– Visste du at der sauen klør seg mot gjerde og wirar, rustar det ikkje?

Om nokon lurer: Ja, det luktar sau av lanolingreasen. Det vert litt «naturleg» parfyme etter understellsbehandlinga. Men han er borte lenge før du må ha påfyll. Garantert.
Hardanger Folkeblad
Hardanger Folkeblad