Stig Ove tek med seg sauefeittet og satsar i eit nytt område

Mykje har skjedd sidan Stig Ove Jacobsen først starta opp verksemda si i 2013. I dag går det så det susar, og nordhordlendingen er godt i gang med å etablere seg i Alversund.
Av Karoline Nordgulen

– Eg satsa litt meir enn eg tenkte, seier Stig Ove Jacobsen frå Holsnøy smilande.

For åtte år sidan starta han opp Meland Antirust. Nokre år seinare utvida han verksemda til Åsane, og la etter kvart ned lokalet på Meland.

No har Jacobsen bestemt seg for å komme tilbake til marknaden i Nordhordland, og driv for tida på å transformere Rognaldsen Bakeri sitt gamle lokale i Alverstraumen, om til ein bilverkstad.

Jacobsen flytta til området då han møtte kjærasten, og nølte ikkje då det dukka opp ei moglegheit for å utvide bedrifta.

– Eg vil skape eit tilbod for folk som bur på denne sida av Alversundbrua, også. Det meste skjer jo på andre sida, seier han.
 

Sauefeitt


Den nye avdelinga har han gitt namn Alver Antirust. Lokalet er mindre enn i Åsane, men har det same konseptet.

Jacobsen har utdanning innan overflatebehandling, og driv både med sandblåsing, lakkering og understellsbehandling av bil.

Hos Alver Antirust fjernar han rust med ein metode som har vore brukt i skipsindustrien i andre delar av verda i mange tiår, men som er litt nyare her til lands.

– Folk ler litt når vi snakkar med dei i telefonen og fortel at vi brukar sauefeitt til å fjerne rusta, seier Jacobsen.

Han fortel at lanolinolja frå ulla til sauen, Fluid Film, er meir miljøvennleg enn dei meir tradisjonelle metodane for å fjerne rust, og meiner sjølv at det er det beste på marknaden.

– Det sit igjen litt sauelukt etter at ein har behandla bilen, men det er ikkje så gale som folk skal ha det til. Det finst mange etterlikningar av produktet som fjernar lukta, men då øydelegg du eigenskapane, seier Jacobsen.
 

Tre nyinnflytta bilaktørar


Alver Antirust ligg plassert heilt nede ved brygga i Alverstraumen, med utsikt rett mot Solholmen.

– Vi er tre leigetakarar som nyleg har flytta inn i lokalet her, og alle driv med bil.

Gründeren fortel at han har eit godt samarbeid med dei andre aktørane. I bygget vil dei blant anna ha ein felles vaskehall og eit venterom.

Medan andre gjerne kjøper nytt utstyr når dei skal starte opp noko, fortel Jacobsen at han har spart mykje på å allereie ha eit lager med brukt utstyr.

– Eg er litt Reodor Felgen-type. Eg har vel investert nokre hundre tusen kroner for å få det i gang, noko som eigentleg ikkje er store kostnaden.

Han fortel at det blir travle dagar fram til antirust-verksemda opnar opp 1. august.
 

Omsette for nesten fem millionar


I tillegg til ei hovudavdeling i Åsane og no ei i Alversund, har Jacobsen også ei avdeling i Sogndal. Målet er å kunne utvide ytterlegare i framtida.

Enn så lenge ser det ut til å gå rette vegen.

– Eg byrjar i det små med den nye avdelinga, så tar eg det derfrå. Men eg har veldig trua på at det blir bra.

– Vi har veldig mange kundar frå Nordhordland som kjem til oss i Åsane, så no slepp dei å reise så langt.

Han fortel at avdelinga i Åsane, med fire tilsette, omsette for nesten fem millionar kroner i fjor.

– Det har stort sett vore ein opptur heile vegen.
Alverposten
For å fjerne rust på bilar, brukar Jacobsen lanolinolje, som er feitt eller olje frå ulla til sauen. Han har sjølv eit småbruk med sauar, men produktet han brukar blir importert frå USA. Foto: Karoline Nordgulen