Sauefeitt som levebrød

Har du rust på bilen din, kan ein stor dash sauefeitt gjere underverk, insisterer Andreas Ose Østgaard.
I den gamle smia, som ein gong tilhøyrde Sandvik Møbel i Lia-dal, har 27-åringen verkstad der han gir antirustbehandling på både personbilar og større bilar.
Lokaliseringa i den gamle møbelfabrikken starta for åtte år sidan då Andreas og fem kompisar hadde behov for eit lokale der dei kunne dyrke am-car-interessa si, og skrue bil og ha ein sosial møteplass. Andreas har «alltid» vore bilinteressert og er eigar av ikkje mindre enn nær ti bilar.

Gaffeltruckar
Etter at Andreas var ferdig utdanna bilmekanikar, og hadde teke fagbrev, arbeidde han i åtte år på verkstaden til Ørsta Bil. Deretter byrja han i eit firma der han var servicemekanikar for gaffeltruckar. Dette innebar ein del reising og lange dagar, og det vart ikkje så mykje tid til å skrue bil i Liadal som Andreas ønskte. I bakhovudet hadde Andreas leika med tanken om å kunne gjere antirustbehandling som levebrød.

Også nye bilar rustar
– Som bilmekanikar hadde eg sett kor stor skade vegsalt gjer på bilar. Folk veit som regel ikkje kor gale det står til med mange bilar når det gjeld rust. I dag rustar bilane jamt over meir og meir, også nye. Elbilar er like utsette.
For fem år sidan skipa Andreas eit enkeltmannsføretak, og starta i det små i tidlegare Sandvik Møbler. Drifta har gått bra, og i haust skipa Andreas aksjeselskap, og no har han ein deltidstilsett i arbeid. 27-åringen har bygt opp firmaet steg for steg, og har investert i utstyr etter kvart.
I verkstaden driv han antirustbehandling også på nyare bilar, like mykje som eldre og meir rusta bilar. 
– Kundemassen vert stadig større, og eg har kundar frå store delar av Sunnmøre, men også i nabofylket.

Sauefeitt
I motsetnad til ordinær tektylbehandling, brukar Andreas ei lanolinbasert merkevare basert på ullfeitt frå sau for å stoppe spreiing av rust. Ja, du las riktig. Sauen gjer ikkje berre nytte for seg på julebordet. Sauefeitt er nemleg perfekt som «rust-killer», ifølgje den unge mekanikaren.
– Når sauefeitt trekkjer inn i rusten, trekkjer den ut fukta og stoppar vidare utvikling. Utan fukt vil rustprosessen stoppe opp, og vi klarer å halde rusta i sjakk, forklarer Andreas. 
Dersom det ikkje er rust, vil behandlinga virke førebyggjande. Metoden, som Andreas seier er både enklare og rimelegare enn løysemiddelbasert understellsbehandling, er slett ikkje ny.
– Langtidsverkande oljer og feitt har vore brukt i maritim industri for behandling av skip og boreriggar sidan 1940-talet.
Andreas Ose Østgaard samarbeider godt med huseigar av Liadal Lager, John Ivar Solvang. Framover ventar oppgradering av verkstadlokalet. 
– Planen er å pusse opp heile fasaden og å oppgradere verkstaden slik at han stettar moderne krav til verkstaddrift. Etter kvart vil vi også kunne tilby andre verkstadtenester. 
 
Møre-nytt
Møre-nytt